NYHENDER

Fysisk aktivitet og hjartesjukdom

Dette heiar me på!

13 000 vert ramma av hjarteinfarkt i Noreg kvart år, trening er ein viktig del av rehabiliteringsløpet. NTNU og ei rekke andre sjukehus skal no forske på effekten fysisk aktivitet har som medisin for denne pasientgruppa.

https://www.aftenposten.no/viten/i/0nlarG/fra-lenestolmetoden-til-trening-som-hjertemedisin?fbclid=IwAR2ZCeK90SQe3975tE5jGcLdPF8GouNgrwKkS_t0QapRaW0SYY7NDj70Uls

Trening etter svangerskap 

Ut frå ein vitskapleg ståstad er det dokumentert god effekt med styrketrening av bekkenboten ved urininkontinens. Så vert det spanande å følge med på forsking relatert til trening av rectus diastase og underlivsprolaps i framtida, førebels er det ikkje dokumentert at disse tilstandane går tilbake med spesifikke treningsøvingar. På den andre sida har du mild til moderat rectus diastase er dette ofte ein tilstand som går tilbake av seg sjølv. Ta tida til hjelp!

Likevel, ved funksjonelleplager er det viktig med individuell oppfølging av kvalifisert helsepersonell.

https://fysioterapeuten.no/Aktuelt/Nyheter/Kari-Boe-ut-mot-paastander-fra-mammamagetrenere